Gaularhallen

Leige av idrettshall og kantine

Sjå ledig kapasitet og book direkte på Aktiv kommune.

Ta kontakt med driftskoordinator i Sunnfjord kommune dersom du lurer på noko.

Generelt

Leigetid må inkludere tid til rigging før oppstart og tid til opprydding. Hallen vil åpne 15 min. før leigetid og ansvarleg leigetakar må vere tilstades så lenge hallen er åpen.

Faste treningstider i idrettshallen tildelast etter eigne retningslinjar frå Sunnfjord kommune. Dei kan du lese meir om her.

Kantina

Kantina i Gaularhallen kan brukast i samband med arrangement i idrettshallen, men også til eigne aktivitetar.

Sande skule nyttar kantina i skuletida, jf. skuleruta. Sidan reinhald vert utført på morgenen i kvardagane kan det vere noko behov for reinhald av leigetakar før oppstart.

Det er mogleg å leige dekketøy i kantina. Dette koster kr. 500,- og må meldast ifrå til utleigar om ein ynskjer å nytte.