Gaularhallen

Smittevernsreglar

RUTINAR FOR BRUK AV TRENINGSLOKAL

Smitteverntiltak

  • Alle skal vaske hendene når ein kjem og når ein forlet lokala
  • Antibac stasjonar er sett opp ved inngangar
  • Unngå handhelsing og klemming
  • Hald 1 meter avstand, 2 meter ved intensive økter
  • Vask apparat etter bruk, bruk sprayflaske som er tilgengelig på rommet
  • Dusj helst heime, reduser bruk av garderobe
  • Alle skal ha med eige handkle
  • Dersom du er sjuk, har luftvegsinfeksjon, sår hals, feber og liknande held du deg heime

Påmelding

  • Alle skal booke tider for å trene: Maks tid pr. person er 1t 30 min(3*30 min)
  • Styrkerom: www.gaularhallen.no/styrkerom
  • Spinning: gaularhallen.no/studiospinning/
  • Dersom økta er full, kan du setje deg på venteliste, og du får då SMS dersom det vert ledig plass
  • NB: Avbestill timen om du ikkje skal nytte den. Det gjer du på mailen du mottek når du bookar timen

Adgangskontroll

  • Vi er pålagt å ha kontroll på kven som er i lokala til ei kvar tid
  • Det krav til avstand. Maksimum seks personar på styrkerom, åtte personar på spinning
  • Maks tid per person per treningsøkt er 1t 30 min (3*30 min)
  • Unngå kø når du kjem og reiser
  • Forhald deg til tida du er påmeldt
  • Øvste person på påmeldingslista er «smittevernsleiar» og skal sjå til at alle inne på rommet er påmeldt, og at smitteverntiltaka blir fulgt

Forsterka reinhald

Styrkerommet og spinningrommet er nedvaska før gjenåpninga og frekvensen på reinhaldet vert tilpassa bruken. Alle som trenar skal vaske apparat og utstyr etter bruk. På treningsromma står det sprayflasker med desinfeksjonsmiddel strategisk plassert som skal nyttast til reingjering av apparat. Du tek ei flaske, nyttar den heile treningsøkta di, og reingjer flaska etter bruk. Rutinar for etterfylling er innarbeidd.

Dersom det minkar på vaske- eller desinfeksjonsmiddel gje beskjed til:                               

Ole Morten Vassdal 99 69 22 19 eller Ann-Kristin Strandheim 99 70 48 06

Ole Morten Vassdal

Driftsleiar Gaularhallen